Ein milliard er det same som det naturlege talet 1 000 000 000, 109 eller tusen millionar.

I dei fleste engelsktalande land bruker dei échelle courte der billion tilsvarar det vi i Noreg, som nyttar échelle longue, kallar ein milliard. Begge systema har vore i bruk i Frankrike opp gjennom historia. Britene nytta kortforma fram til slutten av 1900-talet, og dei to systema har difor tidlegare mellom anna blitt kalla britisk og amerikansk system.