Minamoto no Yorimitsu

(Omdirigert frå Minamoto no Raiko)

Minamoto no Yorimitsu (源 頼光, 94829. august 1021), òg kjend som Minamoto no Raikō, var ein japansk samurai og folkehelt. Saman med broren sin Minamoto no Yorinobu tente han regentane i Fujiwara-klanen. Han var ein av tidlegaste medlemmane i Minamoto-klanen som utmerka seg militært. Han blei kjend som den som undertrykte røvarane i Ōeyama.[1]

Minamoto no Yorimitsu

Minamoto no Yorimitsu av Utagawa Yoshitora
LandJapan
MorMinamoto no Suguru's daughter
FarMinamoto no Mitsunaka
EktefelleTaira no Korenaka's adopted daughter, Fujiwara no Mototada's daughter (Minamoto no Yorimitsu's wife)
BarnMinamoto no Yorikuni, Minamoto no Yoriie, Q106324198, Minamoto no Yorimitsu's daughter (Minamoto no Narimasa's wife), Minamoto no Yorimitsu's daughter (Fujiwara no Michitsuna's wife), Minamoto no Yorimitsu's daughter (Minamoto no Sukemichi's wife), Q110565055, Q110565099, Q110565452, Minamoto no Yorimitsu's daughter (Minamoto no Masanaga's wife)

Yorimitsu tente som leiar over eit regiment ved Keisarvakta og var ein periode òg sekretær ved Krigsministeriet. Frå faren sin, Minamoto no Mitsunaka, arva han kontroll over Settsu-provinsen.

Yorimitsu i kulturen

endre

Yorimitsu finst i ei mengd legender og forteljingar. Ein av dei mest visste er legenda om Kintaro, ‘den gylne guten’. I forteljingane er han vanlegvis i lag med fire følgjesvener, Shiten-nō (noko slikt som ‘Dei fire vaktkongane’). Dei blir kalla Watanabe no Tsuna, Sakata no Kintoki, Urabe no Suetake og Usui Sadamitsu.

Minamoto no Yorimitsu opptrer i den japanske skrekkfilmen Kuroneko (1968) regissert av Kaneto Shindoq.[2]

Kjelder

endre
  1. The Tale of Heike, Heike monogatari, Stanford, California: Stanford University Press, 1988 
  2. McDonagh, Maitland. «Kuroneko: The Mark of the Cat». The Criterion Collection. Henta 7. oktober 2013.