Jitterbuggare

(Omdirigert frå Mini-jitterbuggare)

Jitterbuggare eller mini-jitterbuggare er ei svensk småkake med spiralform som blir danna av mørdeig og marengs.[1]

Kakene blir laga av ein utkjevla mørdeig av mjøl, sukker, smør og egg eller eggepplomme og eit lag marengs av eggekvit og sukker. Laga blir rulla saman og så delt i skiver som ein steiker til sprøe kaker.[2][1]

Kakene har vore populære i Sverige sidan 1940-talet til fika eller kafferep.[2] Jitterbugs var tittelen på ein Helan og Halvan-film frå 1943. Dansen jitterbug var også populær på denne tida,[3] og skal vera opphavet til namnet.[4]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Jitterbuggare», ICA.se (på svensk), henta 19. november 2021 
  2. 2,0 2,1 «Jitterbuggare», Arla (på svensk), henta 19. november 2021 
  3. Ayto, John; Simpson, John, red. (1. januar 2010). «jitterbug» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-954370-0. doi:10.1093/acref/9780199543700.001.0001/acref-9780199543700-e-2355. 
  4. «Minijitterbuggare», ICA.se (på svensk), henta 19. november 2021