Misilmeri

kommune i Italia

Misilmeri er ein by og ein kommune i provinsen Palermo i regionen Sicilia i Italia. Kommunen har ikring 29 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 69 km². Byen ligg 129 meter over havet.

Utsyn mot Misilmeri

Misilmeri ligg 20 km søraust for Palermo. Folk arbeider i hovudsak i landbruket og i industrien.

Byen voks fram då arabarar rådde i området, for meir enn 1000 år sidan. Dagens by vart grunnlagd på ny i 1540 av Francesco Del Bosco frå adelsætta Ventimiglia.

Kjelder endre