Bispelue

(Omdirigert frå Mitra)

Bispelue, bispehue/huve eller mitra er eit hovudplagg brukt av biskopar og geistlege med tilsvarande status i ulike kyrkjesamfunn.

Katolsk bispelue frå 1984.
Ortodoks bispelue.

Bispelua brukt i den katolske og den anglikanske kyrkja har to stive spisse stykke framme og bak og to band som fell ned over nakken. I den ortodokse kirke har ho form som ei krone. Begge kan ha utvikla seg frå eit enkelt diadem eller panneband av metall. Det greske ordet mitra tyder eigentleg 'hovudband' eller 'belte'.[1]

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. «mitra» i Nynorskordboka.
  • «Bispelue» (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Fri artikkel henta 4. juni 2017.