Modallogikk
Ein modal logikk er ein logikk for å handsame modalitetar: konsept som moglegheit, umoglegheit og naudsyn. Logikkar for å handsame ei rekkje andre idéar, som etter kvart, tidlegare, kan, kunne, skulle, burde og må, vert òg også kalla modale logikkar, sidan dei kan handsamast på liknande måtar.
Formelle modallogikkar representerer modalitetane ved at ein sett logiske operatorar på setningane. Dei grunnleggjande modale operatorane er vanlegvis (eller L) for modaliteten naudsynleg og (eller M) for mogleg. Dei er interdefinert slik: