Moen i Risør

(Omdirigert frå Moen i Søndeled)

Moen er eit område som ligg inst i Risør kommune. Moen har gardsnummerr 38 og høyrer under Røed krins.

På Moen ligg det tre gardar og nokre småbruk/husmannsplassar. Det er truleg at gardar som Moen og Røed er ein av dei fyrste gardane i Søndeled, sidan folk tok denne vollen i bruk som jorde når landet hadde heva seg så mykje at dei kunne busettje seg der. I dag er det ikkje så mykje landbruk igjen på Moen. På nokon av dei gamle jordene ligg i dag Moen Camping, og på Kalveknatten og på Mauråsen er det i dag bustadfelt som blei til på 70-80 talet. Heilt fram til starten av 2000 talet var det butikk på Moen (Moen varehandel).

Plassar under Moen endre

  • Moensdalane "Dalane" - Her var det tidlegare to husmannsplassar. I dag ligg au nokon hytter inne i Dalane.
  • Storemyr -
  • Sauvika -
  • Solli - Denne eigedomen høyrer vanlegvis under Ausland, men har gått ut frå Moen.
  • Moensmyrene -
  • Hammeråker - På Hammeråker er det eit trebåtbryggeri (Christensens båtbyggeri).

Bakgrunnsstoff endre

Søndeledboka bind 3. Søndeled gårdhistorie.