Monica Vik Hansen

Monica Vik Hansen (fødd 3. august 1973) er ein norsk tidlegare handballspelar som vann sølv med det norske landslaget både i EM 1996 og VM 1997.

Hansen var kantspelar på Larvik HK frå då klubben vart stifta i 1990 til 1998. Ho fekk sin landslagsdebut i oktober 1996 og kom med i troppa til Handball-EM 1996 i Danmark. Noregs mannskap tok seg til finalen, ein kamp som enda med norsk tap mot arrangørlandets kvinner. Hansen fekk ikkje plass i det norske finalemannskapet. Eitt år seinare deltok ho i Handball-VM 1997. Også då møttest Danmark og Noreg til finalekamp, og på ny vann Danmark meisterskapspokalen. Hansen skåra eitt finalemål i det som vart hennar 29 og siste opptreden i landslagsdrakt. Til saman skåra ho 46 mål for Noreg.

Sommaren 1998 melde Hansen overgang til Tertnes IL, ein overgang som vekte ein del oppstyr. Allereie etter ein halv sesong gjekk turen vidare til Stabæk IF, då Hansen fekk lite speletid på kantplassen i Tertnes, lagsjefen prioriterte Mia Hundvin på den plassen. Hansen fekk ei sentral rolle i Stabæk-laget, før langvarige skadeplager førte til at ho la opp i 2001.

Merittar endre

  • EM 1996: Sølvmedalje etter 23–25 mot Danmark
  • VM 1997: Sølvmedalje etter 20–33 mot Danmark

Kjelder endre