Monomiktisk er eit omgrep nytta om innsjøar som berre sirkulerer ein gong i året.

Titicacasjøen er ein monomiktisk innsjø.

Ferskvatn har størst tettleik ved 4 ºC, og vil derfor ha fullsirkulasjon kvar gong temperaturen i vatnet er kring 4 ºC. Dette vil som regel skje om våren og hausten, eller berre om vinteren. Innsjøar der vasstemperaturen aldri er over 4 ºC i noko djupne (i polare strøk) sirkulerer berre om sommaren og vert kalla kalde monomiktiske. Innsjøar der vasstemperaturen aldri er under 4 ºC (tropiske strøk), sirkulerer berre om vinteren og vert rekna som varme monomiktiske.

Kjelder endre

«monomiktisk_innsjø» i Store norske leksikon, snl.no.