Monte Subasio
Monte Subasia eller Monte Subasio er eit fjell i Appenninane der byen Assisi vart grunnlagd i romartida, i regionen Umbria sentralt i Italia. Fjellet er om lag 1 290 meter over havet.
Monte Subasio | |||
fjell | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Monte Subasio 43°03′51″N 12°39′45″E / 43.064166666667°N 12.6625°E | |||
Wikimedia Commons: Monte Subasio |
Dei rosafarga steinane vart nytta i mange av fransiskanarbygningane ved verdsarvstaden Assisi. Fjella er ein del av ein stor naturpark kalla Parco del Monte Subasio.
Historie
endreSlottet Sasso Rosso i fjellsida av Monte Subasio var barndomsheimen til Klara og Agnes av Assisi, som visstnok var døtrene til Favorino Scifi, Conte av Sasso-Rosso, som òg eigde store palass i Assisi.
Benediktinarabbeden St. Benedict av Monte Subasio gav den litle kyrkja Porziuncola til Frans av Assisi rundt 1208 for at han skulle nytte ho som moderhuset til den religiøse familien hans.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Monte Subasio» frå Wikipedia på engelsk, den 14. november 2007.