Montecristo er ei lita øy i Dei toskanske øyane i Italia. Ho er om lag 4,3 km på det lengste og ligg halvvegs mellom Korsika og det italienske fastlandet, sør for Elba og vest for Giglio. Øya er truleg mest kjend som ein oppdikta stad i romanen Greven av Monte Cristo av Alexandre Dumas den eldre, men sjølve øya samsvarar ikkje stort med skildringa i romanen.

Montecristo
Montecristo sett frå stranda nær Marina di Grosseto
Montecristo sett frå stranda nær Marina di Grosseto
Geografi
Stad Liguriahavet
Koordinatar 42°20′N 10°19′E / 42.333°N 10.317°E / 42.333; 10.317
Øygruppe Tyrrenhavet

Areal 13 km²

Høgaste punkt Montecristo (646 moh.)

Administrasjon
Land Italia
Region
Provins
Toscana
Livorno

Demografi
Folketal 0

Monte Cristo tyder 'Kristusfjellet' på italiensk, og enkelte meiner at dette var årsaka til at Dumas valde ho for boka si.

Øya er avsidesliggande og dei italienske styresmaktene gjorde ho ein del av eit naturreservat og ein jaktpark. Det er ingen bygningar på øya, men det står ruinar av eit kloster frå 1200-talet, som vart øydelagd av sjørøvarar i 1553.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Montecristo

Kjelder endre