Moritz Rabinowitz
norsk forretningsperson
Moritz Moses Rabinowitz (20. september 1887–27. februar 1942) var ein polsk-norsk jøde som slo seg opp som klesprodusent i Haugesund i mellomkrigstida. Han markerte seg som ein nazimotstandar, og var særs ettersøkt av tyskarane då dei invaderte Noreg. Etter seks månader på rømmen der han skjulte seg på gardar langs Åkrafjorden blei han teken til fange 4. desember 1940 og send til konsentrasjonsleir i Tyskland via Stavanger og Oslo. Han døydde i Sachsenhausen den 27. februar 1942 med «lungebetennelse» oppgjeven som dødsårsak. Også resten av familien til Rabinowitz døydde i dødsleirane.
Moritz Rabinowitz | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 20. september 1887 Rajgród |
Død |
27. februar 1942 (54 år) |
Yrke | forretningsdrivande |
Moritz Rabinowitz på Commons |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Moritz Rabinowitz» frå Wikipedia på bokmål, og «Moritz Rabinowitz» frå Wikipedia på engelsk den 26. mai 2008.
Denne historieartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.