Morsmål er ei nemning brukt om det språket ein talar kan best, som regel fordi ein lærer det av familien sin under oppveksten. Ein kan ha eitt morsmål, men det er òg mogleg å veksa opp som fleirspråkleg der ein meistrar to eller fleire språk like godt.

Grunnen til at det blir kalla «morsmål» er at mødre som regel er dei som har mest kontakt med ungane sine frå dei er nyfødde og tek til å ta til seg språk. Ungar som veks opp i samfunn der eit anna enn foreldra sitt språk er dominerande kan likevel få dette språket som morsmål i staden.

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.