Moseldalen er ein særprega dal i den vestlege delen av Tyskland. Vanlegvis reknast Moseldalen mellom byane Trier og Koblenz, der elva Mosel renn nede i dalen under det flate slettelandet rundt dalen. Her har elva ei rekkje svingar og sløyfer. Dalsidene er bratte, og her vert temperaturen høg. Derfor er området godt egna for dyrking av vindruer, og området er kjent for sine kvitvinar.

Typisk vindrueområde i Moseldalen. Her mellom Neumagen og Bernkastel.

Kjelder

endre