Motbakkeløp er ein idrett der utøvarane spring i bratt og gjerne ulendt terreng. Idretten har likskapar med terrengløp, men utfordringa ligg i at løypa er lagt til eit raskt stigande terreng.

Start på motbakkeløp

Motbakkeløp i Noreg

endre

Løp i fjell og bakkar er ein gammal tradisjon, men motbakkeløp er ei nokså ny konkurransegrein i Norge. Arrangement av motbakkeløp er i Noreg underlagt Norges friidrettsforbund.

Motbakkeløp er ein av dei idrettane i Noreg som er i størst vekst. Dei siste ti åra har det gått i frå og vere nokre få løp til å verte godt over 100. Jon Tvedt var ein føregangsperson for motbakkeløp og kanskje spesielt i dei aller brattaste og lengste løpa var han suveren. Øystein Sylta er no ein av dei fremste.[treng kjelde]