Mount Kosciuszko er eit 2 228 meter over havet høgt fjell i delstaten New South Wales i Australia. Fjellet er det høgste på det australske fastlandet.

Mount Kosciuszko

Fjellet er kalla opp etter den polske nasjonalhelten Tadeusz Kościuszko. I 1840 føretok den polske oppdagingsreisande Paweł Edmund Strzelecki den fyrste kjende turen til topps på fjellet, og gav i det høvet fjellet namn. Den australske uttalen [ˈkɔziˌɔskoʊ], skil seg ein del frå den polske uttalen [ˈkoɕˈtɕuʃko].

Bakgrunnsstoff endre

  «Kosciusco». Encyclopædia Britannica (11. utg.). 1911.