Mudring
Mudring er ein aktivitet der sand og slam frå botnen av eit vassområde, til dømes hav, elver og kanalar, blir flytta frå ein stad til ein annan. Ein utfører mudring mellom anna for å få djupare vatn slik at større båtar kan sigla på det, fjerna uønskt materiale, eller ta ut materiale som ein ønskjer å bruka ein annan stad, til dømes sand til ei strand.
Ofte blir det brukt ein flåte med ein gravemaskin oppå toppen til å mudra. Mudderet blir slept på toppen av flåten og bort til eit eigna område for dumping.
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Mudring» frå Wikipedia på bokmål, og «Dredging» frå Wikipedia på engelsk den 28. november 2010.