Meter under havet
(Omdirigert frå Muh.)
Meter under havet (forkorta muh. eller m u.h.)[1] viser til plasseringa av eit punkt i høve til gjennomsnittleg havnivå. Forkortinga er noko brukt i tekst, men normalt ikkje på kart, ettersom desse oppgjev høgder i meter over havet for å vera konsekvente. På kart kan derfor talet for meter under havet visast som eit negativt tal meter over havet.
Daudehavet ligg 408 meter under havet, noko ein anten kan gje att som 408 muh. eller som −408 moh.
Kjelder
endre- ↑ «muh» i Nynorskordboka.
- Denne artikkelen bygger på «Meter under havet» frå Wikipedia på bokmål, den 1. oktober 2016.