Mukhavets

elv i Kviterussland

Mukhavets (kviterussisk: Мухаве́ц (Muchaviec); polsk: Muchawiec) er ei elv vest i Kviterussland, og ei av sideelvene til Vestre Bug i Brest.

Mukhavets
elv
Mukhavets.jpg
Mukhavets i Brest i Kviterussland
Land Flag of Belarus.svg Kviterussland
Nedslagsfelt 6 600 km²
Lengd 113 km
Kjelde Ved Pruzjany
Munning Vestre Bug
Wikimedia Commons: Muchaviec River

Elva har sitt utspring ved Pruzjany der elva Mukha renn i lag med Vietskanalen, og renn så gjennom sørvestlege område av Kviterussland, før ho renn ut i Vestre Bug i Brest.

Elva er 113 km lang, med eit nedslagsfelt på 6 600 km². Ho er òg knytt til elva Dnepr gjennom Dnepr-Bug-kanalen.

ByarEndra

SideelverEndra

  • Datsjlovka
  • Zjabinka
  • Trascianica
  • Asipaǔka
  • Ryta