Opna hovudmenyen
Lasting av murstein ved ein fabrikk i Tel Aviv i 1946.

Murstein er klossar brukt til murverk i bygningar og konstruksjonar. Omgrepet kan visa til klossar av ulike material, som tegl, betong, lettbetong, glas, kalksandstein og naturstein. I daglegtale omtalar ein ofte teglstein som murstein.[1]

Mursteinar er som oftast rektangulært forma. Dei vanlegaste storleikane er teglsteinsformat (handtering med ei hand) og blokkformat (handtering med begge hender).[1] Standardformatet for norsk tegl sidan omkring 1840 har vore 108mm x 228mm x 62mm.[treng kjelde]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «murstein». Store norske leksikon (på norsk). 16. juli 2019.