Musaffah er ein industriby sørvest for Abu Dhabi i Dei sameinte arabiske emirata. Han vert òg kalla Musaffah Sanaiya og er eit av dei viktigaste økonomiske områda i emirata og har status som ein økonomisk spesialsone med fleire fabrikkar og ei hamn.

Musaffah
industriby
Land  Dei sameinte arabiske emirata
Koordinatar 24°20′N 54°31′E / 24.333°N 54.517°E / 24.333; 54.517
Tidssone UAE standard time (UTC+4)
Kart
Musaffah
24°20′00″N 54°31′00″E / 24.33333333°N 54.51666667°E / 24.33333333; 54.51666667
Kart som viser Musaffah.
Kart som viser Musaffah.
Kart som viser Musaffah.
Wikimedia Commons: Musaffah Industrial Area, Abu Dhabi
Nettstad: Mussafahindustrial.com

Historie

endre

Mussafah var eit lite industriområde i 1970-åra. I 1980 vart han skildra som «eit virvar av vegar og halvferdige bygningar».[1] Mussafahbrua mellom øya Abu Dhabi og fastlandet er ei bru med seks filer som vart bygd mellom 1976 og 1978.[2][3] I 1990-åra vart brua restaurert og dette skapte fornya interesse for utvikling i Mussafah som industrisenter. Regjeringa gav insentivar til bedrifter som ønskte å slå seg ned i Mussafah, og gav dei soner der dei slapp å betale toll på importerte varer.[4]

Kjelder

endre