Musica ficta er eit musikkteoretisk prinsipp for teiknsetjing, som er rekna som opphavet til bruken av forteikn i musikknotasjon. Nemninga var i bruk frå 1100-talet til om lag 1600, og tydde alle tonehøgder som låg utanfor det noterte Musica recta eller Musica vera. Systemet tok utgangspunkt i den guidonske handa.

Musica ficta var nytta for å unngå dissonerande tonetrinn som tritonus. Dette innebar ofte ein fleksibel leietone eller kvart. Slik valde songaren å senkje tonen frå H til B for å unngå skjerande dissonans om motsongaren song ein F. Oftast er Ficta-tonen markert ved ein liten b eller ein kross over den gjeldande tonen, ikkje som i dag framfor han. Ficta gjeld etter prinsippet mi contra fa, noko som inneber at det er ein halv tone mellom tonene mi og fa (E og F). Når utgangstonen (Ut) var F, som i ein lydisk skala, vart fa ein halv tone for høg, og tritonus kunne bøtast ved å senkje Fa eit halvt tonesteg. Difor ser ein ofte at det står to gonger B i tetrakordar på denne staden, B molle og B durum (opphavet til B og H i moderne teiknsetjing).

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.