Innanfor musikken er ein nøkkel eit symbol på notelinja som markerer namna på dei skrivne notane. Han blir plassert på starten av kvar notelinje, og bestemmer kva notane som ligg på same linja som nøkkelen skal heite. Frå dette blir dei andre notane også bestemt, der nøkkellinja blir brukt som eit haldepunkt, og notane sitt namn blir bestemt frå kor langt dei er frå nøkkellinja.

Det finst mange forskjellige nøklar, men de fire som oftast er i bruk i dag er:

G-nøkkel
G-nøkkelen er den nøkkelen som til vanleg dekker det høgaste toneregisteret. Nøkkelen sin krøll (sjå illustrasjon) svingar rundt tonen éinstrøken G.
C-nøkkel (eller altnøkkel, tenornøkkel)
C-nøkkelen sitt register er mellom G- og F-nøkkelen. Den karakteristiske knekken midt på nøkkelen markerer tonen éinstrøken C
Plassert på tredje notelinje vert C-nøkkelen kalla altnøkkel. På fjerde notelinje, tenornøkkel. Tidlegare har C-nøkkelen òg vore brukt som soprannøkkel, på første linje, og mezzosoprannøkkel, på andre linje.
F-nøkkel
F-nøkkelen har to prikkar som ligg på over- og undersida til tonen lille F.

Galleri endre

  Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.