Musaffah
Musaffah er ein industriby sørvest for Abu Dhabi i Dei sameinte arabiske emirata. Han vert òg kalla Musaffah Sanaiya og er eit av dei viktigaste økonomiske områda i emirata og har status som ein økonomisk spesialsone med fleire fabrikkar og ei hamn.
Musaffah | |||
industriby | |||
Land | Dei sameinte arabiske emirata | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 24°20′N 54°31′E / 24.333°N 54.517°E | ||
Tidssone | UAE standard time (UTC+4) | ||
Musaffah 24°20′00″N 54°31′00″E / 24.33333333°N 54.51666667°E | |||
Kart som viser Musaffah.
| |||
Wikimedia Commons: Musaffah Industrial Area, Abu Dhabi | |||
Nettstad: Mussafahindustrial.com |
Historie
endreMussafah var eit lite industriområde i 1970-åra. I 1980 vart han skildra som «eit virvar av vegar og halvferdige bygningar».[1] Mussafahbrua mellom øya Abu Dhabi og fastlandet er ei bru med seks filer som vart bygd mellom 1976 og 1978.[2][3] I 1990-åra vart brua restaurert og dette skapte fornya interesse for utvikling i Mussafah som industrisenter. Regjeringa gav insentivar til bedrifter som ønskte å slå seg ned i Mussafah, og gav dei soner der dei slapp å betale toll på importerte varer.[4]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Musaffah» frå Wikipedia på engelsk, den 9. oktober 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ MEED =- MIDDLE EAST ECONOMIC DIGEST. Weekly news, analysis and forescast. 1980. s. 35. Henta 5. juli 2016.
- ↑ Sakai, Koji (1988). Concrete Under Severe Conditions 2: Environment and Loading : Proceedings of the Second International Conference on Concrete Under Severe Conditions, CONSEC '98, Tromsø, Noreg, June 21-24, 1998, Volume 3. Taylor & Francis. s. 1759–. ISBN 9780419238805.
- ↑ Gjørv, Odd E.; Sakai, Koji; Banthia, Nemkumar (1998). Concrete Under Severe Conditions 2: Environment and Loading : Proceedings of the Second International Conference on Concrete Under Severe Conditions, CONSEC '98, Tromsø, Noreg, June 21-24, 1998. Taylor & Francis. s. 1759. ISBN 978-0-419-23880-5. Henta 5. juli 2016.
- ↑ The Report: Abu Dhabi 2009. Oxford Business Group. 2009. s. 154. ISBN 978-1-907065-04-0. Henta 5. juli 2016.