Muter

gåve gjeven i løynd for å oppnå ein fordel
Illustrasjon av gøymde muter
United Nations Convention against Corruption

Muter (bokmål bestikkelse), stikkpengar eller mutepengar er ein gåve gjeven i løynd for å oppnå ein fordel.

Muting (jur.) (bokmål bestikkelse), Strl §128 set straff for den som yter el. lovar ein off. tenestemann føremoner for å få han til å gjera noko ulovleg i tenesta (aktiv m.). Likeeins set strl. §112 straff for den off. tenestemannen som krev ulovlege føremoner el. tek imot slike føremoner som han veit er ytte for å verka inn på gjeremåla hans i teneste (passiv m.).**

I det nyliberale norske kommunikasjonssamfunnet har omgrepet mute fått ny forklåringskraft, på eit kulturelt felt som ein i Noreg lenge har forbunde med andre himmelstrok. Dei klassiske konnotasjonane peikar og fram mot å ta opp at bruken av omgrepet, nett fordi det er og lenge har vore so vidt taust rundt norsk mutekultur.

Andre tydingar av muteEndra

Muteness (en.) frå Mutus (lat.) - stum, taus, t.d. i stum bokstav, gjerne først i eit ord, t.d. Mnemosyne (gresk: Mνημοσύνη), frå gresk mneme, «minne, hukommelse» (i uttalen er den første bokstaven stum).

Mute i moderne tyding er mykje brukt for tekniske løysingar som hindrar signalkommunikasjon, t.d. lyd frå forsterkar eller instrument, eller bilde fra prosjektorar. MUTE er og namn på ei programvare for anonym fildeling over digitalt nettverk.

Mute (en.) kan og vere ein «person who is speechless or silent; one who does not speak, from physical inability, unwillingness, forbearance, obligation. etc.» I det ottomanske Tyrkia var en mute en offiser eller tenar som var valt til tenesta fordi han ikkje kunne tale. I rituell samanheng skulle ein innleigd mute vere taus og trist sørgande i gravferder, i motsetnad til dei sterkt artikulerte mourners.

Muter internasjonaltEndra

Det engelske uttrykket bribe kan på den eine sida dreie seg om midler - oftast pengar - gitt for å 1) oppnå innflytelse eller å kompromittere, eller 2) forføre eller hugta omgivelsane. Uansett er føresetnaden ein form for gjensidig overeinskomst eller forståing - mutuality (en.). Fellesskap og sosiale bindingar treng ofte ikkje omtale, dei må opplevast. Det engelske uttrykket hush money speler og på muting for å unngå omtale. Ein kultur med muting som normalåtferd vil vere prega av skjulte makttilhøve, eit direkte trugsmål mot både rettsstatsutvikling og markedsfunksjon.

Det persiske uttrykket بخشش (bakhshesh) er kjend over store delar av Midtausten og den gamle austblokka, og nyttast for ulike fenomen som velgjerdsle for tiggarar, tipsing for tenester utført openlyst, og endeleg rein muting, til dømes av politifolk.

Muting skiljer seg frå eit meir openlyst fenomen t.d. i det moderne Hellas, nemleg 'den lille konvolutten'[1] (gr.) som tradisjonelt smurte administrativt tilsette og let dører opne. Slike uærlege og uredelege tilhøve undergrev tillit mellom folk og til institusjonane dei treng for sine transaksjonar.

Muter i BibelenEndra

«Du skal ikkje vrengja retten og ikkje gjera skilnad på folk. Du skal ikkje ta imot muter, for mutene gjer vise menn blinde og øydelegg saka for den som har rett. Rettferd, ja, rettferd skal du jaga etter.» (*2 ')[2]

I følgje Arne Berge er mute ei omsetjing av det hebraiske (שֹׁחַד, shokhad).[3]

Ei gåve kan innehalde kraft som er utilsikta - den kan gi vener, eller tenester. Gåver kan opne rom på gjensidig rettferdig vis, men og for tilsikta eigennytte og profitt, jfr. Bibelen - Salomos ordtak:

  • Ordt 18, 16: Gåver opnar dører og gjev tilgang (hebraisk: יַנְחֵנּוּ, yakhenu) til dei store.
  • Ordt 17, 8: Den som gjev stikkpengar (hebraisk: שֹׁחַד, shokhad), trur han har ein lukkestein, kvar han vender seg, går det han godt.
  • Ordt 17, 23: Den urettferdige tek imot gåver frå lomma for å vrengja rettens veg.
  • Ordt 15,14: Ei gåve i løyndom mildnar vreide, stikkpengar i lomma stiller stor harme.
  • Ordt 15,27: Den som jaktar på vinning, set huset over styr, den som nektar å la seg kjøpa, skal leva.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. φακελάκι fakelaki
  2. Sitert etter prøveteksten til den nye bibelomsetjinga på bibel.no.
  3. Arneberge.wordpress.com
  • Nikolaus Gjelsvik. 1929. Juridisk ordliste . Oslo. Prenta hjå Nikolai Olsen, s. 42.
    • Norsk allkunnebok, bind VIII lauskar - Norheimsund, spalte 224