My Child: Lebensborn

My Child: Lebensborn (på norsk: Mitt barn: Lebensborn) er eit BAFTA-belønna historiedrive simulasjonsspel for Ios- og Android-einingar, utvikla av norske Sarepta Studio og Teknopilot, gitt ut i 2018. I spelet skal ein vere adoptivforelder for eit krigsbarn i Noreg i perioden etter den andre verdskrigen.

My Child: Lebensborn
Utviklar(ar)Sarepta Studio AS
Utgjevar(ar)Teknopilot AS
DistributørSteam, App Store, Nintendo eShop, Google Play, Microsoft Store
Plattform(er)Ios, Android
Utgjeving2018
Sjangerlivssimulatorspill
Spelemoduseinspelar
AldersgrensePegi: 12 år
Nettstadhttps://www.mychildlebensborn.com/

Handling endre

Spelet er ei historiedrive gjennomgang av kvardagen til eit sju år gamalt krigsbarn fødd frå Lebensborn-prosjektet, i utgangspunktet bygd rundt Tamagotchi-liknande mekanikkar[1], der målet er å balansere barnets ulike behov for næring og omsorg. Spelarane adopterar barnet i 1951 då det skal byrje på skule, og konfronterast med ulike situasjonar og beslutningar for å hjelpe det gjennom ulike kapittel i barndomen. I byrjinga av spelet får spelaren valget mellom ein gut, Klaus, eller ei jente, Karin. Spelet informerar i byrjinga og slutten av kvart kapittel om den historiske bakgrunnen for hendingane.

Total spilletid for spillet er om lag fire til fem timer.

Utvikling endre

Spelet er produsert av Teknopilot, med spelutviklingsselskapet Sarepta Studio som co-produsent, som eit ledd i multimedieplattformen Wars Don't End. Utviklarane intervjua norske krigsbarn, og har rådført seg med den norske gruppa Lebensborn Norway. My Child: Lebensborn vart folkefinansiert av 130 000 kroner i ei Kickstarter-kampanje i april 2017[2], og har også fått ulike støtteordningar frå Norsk filminstitutt på rundt 1,5 million kroner sidan 2015.[3]

Spelet vart gitt ut på engelsk på Frigjeringsdagen 2018, den 8. mai, og i august 2018 vart det presentert på tysk og norsk i samanheng med den tyske spelmessa Gamescom i Köln. September 2018 vart det også tilgjengeleg på japansk.[4]

Meldingar og mottaking endre

9. juni vart spelet My Child: Lebensborn omtala i den britiske avisa the Guardian som «Game of the Month». I Noreg vart spelet godt motteke, med spesiell skryt for å vere eit spel som bryt ny tematisk mark i dataspel, og for å vere eit hjarteskjærande innblikk i ei mørk tid i norsk historie.

I slutten av mars 2019 vart spelet gjort utilgjengeleg for kjøp for franske, tyske, russiske og austerrikske Android-brukarar.[5]

Den 4. april 2019 vann spelet ein pris i den britiske film- og spel-utdelinga BAFTA for spel som gjer meir enn å underhalde i kategorien «Games Beyond Entertainment».[6]

Referanser endre

  1. Lønningen, Petter (24. april 2018), «INTERVJU: – Tyskerbarnas skjebne var grusom», Gamer.no (på norsk), henta 5. april 2019 
  2. «My Child Lebensborn: A nurture game about emotional survival», Kickstarter (på engelsk), henta 5. april 2019 
  3. «Mitt barn: Lebensborn», NFI, arkivert frå originalen 11. august 2020, henta 5. april 2019 
  4. Lebensborn, My Child (20. september 2018), «It is out in Japanese for Google Play, and any day noe om iOS :) Those who have the game must do an update of the game.pic.twitter.com/AUWE9BOEiK», @mychildgame (på engelsk), henta 5. april 2019  line feed character in |title= at position 65 (hjelp)
  5. Klebo-Espe, Andreas (1. april 2019), «Google Play forbyr prisnominert norsk spill i Tyskland, Russland, Østerrike og Frankrike», Gamer.no (på norsk), henta 5. april 2019 
  6. Finnøy, Anne Lovise (5. april 2019), «Det norske spillet My Child Lebensborn vant prestisjetung BAFTA-pris», NRK (på norsk bokmål), henta 5. april 2019