Nøstetangen Glass AS
Nøstetangen Glass AS blei stifta i 1990 for å etablere ei glashytte der det skulle blåsast glas etter modellane frå gamle Nøstetangen glassverk på Hokksund. Det held til i den tidlegare stallen på sorenskrivargarden på den andre sida av tunet for Nøstetangen norsk glassmuseum. Til glashytta er det knytta fleire kunstnarar som tsjekkiske Vaclav Stepanek, Per Meisner, Trine Sundt og Daniel Erlandsson. I glashytta er det ei utstilling av Nøstetangenglass og ein kan kjøpe glass av dei kunstnararane som er tilknytta glashytta.[1]
Kjelder
endre- ↑ Gunvor Regine Rishovd: Nøstetangen glassverk - glimt fra historien, 1998