Nøytrale Moresnet

Nøytrale Moresnet (Esperanto: Neutra Moresneto) var ein nøytral stat mellom Preussen, seinare Tyskland, Nederland og Belgia mellom 1816 og 1919. Området som ligg 7 km søraust for den tyske byen Aachen, hadde ein omkrins på 10 km og opphavleg ca 250 innbyggjarar.

I 1915 vart det fyrst okkupert, deretter annektert av Tyskland. Med heimel i artikkel 32 i Versailles-traktaten tilfall heile tidlegare Nøytrale Moresnet Belgia i 1919, og er i dag ein del av provinsen Liège på grensa til Tyskland.

Bakgrunnsstoff

endre