Nürnberglovene (tysk die Nürnberger Gesetze) var ei gruppe lovar frå det nasjonalsosialistiske Tyskland som blei einstemmig vedtekne den 15. september 1935 ved eit spesielt riksdagsmøte under Rikspartidagane i Nürnberg.[1] Nürnberglovane nedfelte antisemittisme i det tyske lovverket på ein heilskapleg måte. Dei peikte ut jødar som ei gruppe utan dei same rettane som andre tyske borgarar, og forsterka det juridiske grunnlaget for dei nazistiske jødeforfølgingane som enda med Holocaust.[2] Desse lovane innførte også hakekrossflagget som nytt tysk nasjonalflagg.[1]

Tittelbladet til Reichsgesetzblatt som kunngjer lovane frå 16. september 1935 (RGB I nr. 100)

Lovar endre

 
Blodsvernloven skulle avgrensa «raseblanding» mellom folk med «tysk» og «jødisk» blod. Plansjen viser korleis ein definerte jødar (Juden på tysk, merka med svart fargetone), og kven ein tillét dei å vera gifte eller ha sex med. Zulässig tyder 'tillate' og verboten 'forbode'.

Nürnberglovene omfatta tre lovar:

Riksborgarloven og Blodsvernloven var skrivne av Wilhelm Stuckart saman med Bernhard Lösener og Franz Albrecht Medicus ved innanriksdepartementet, som var leia av riksministeren Wilhelm Frick.[8]

I løpet av dei neste åtte åra blei det også lagt til tretten dekret til lovane.[9]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Dypvik, Astrid Sverresdotter (25. oktober 2017). «Nürnberglovene». Store norske leksikon. Henta 2. juli 2018. 
  2. «Forfølgelsene av jøder i Tyskland 1933-1939». HL-senteret. 6. oktober 2011. 
  3. «Reichsbürgergesetz vom 15. September 1935.». Reichsgesetzblatt (på tysk) (Reichsministerium des Innern). 16. september 1935. s. 1146. Jahrgang 1935, Teil I., Nr. 100. Henta 11. september 2014. 
  4. «Riksmedborgarlagen av den 15 september 1935.» (på svensk). Forum för levande historia. Arkivert frå originalen 17. januar 2012. Henta 17. januar 2012. 
  5. «Gesetz zum Schutze des deutschen Blutes und der deutschen Ehre vom 15. September 1935.». Reichsgesetzblatt (på tysk) (Reichsministerium des Innern). 16. september 1935. s. 1146-1147. Jahrgang 1935, Teil I., Nr. 100. Henta 11. september 2014. 
  6. «Lag för skydd av det tyska blodet och den tyska äran av den 15 september 1935» (på svensk). Forum för levande historia. Arkivert frå originalen 17. januar 2012. Henta 17. januar 2012. 
  7. «Reichsflaggengesetz vom 15. September 1935.». Reichsgesetzblatt (på tysk) (Reichsministerium des Innern). 16. september 1935. s. 1145. Jahrgang 1935, Teil I., Nr. 100. Henta 11. september 2014. 
  8. Lehrer, Steven: Wannsee house and the Holocaust, 2000. ISBN 0-7864-0792-1. OCLC 45100219. 
  9. «Nuremberg Laws» (PDF). yadvashem.org.