National Institute of Standards and Technology
(Omdirigert frå NIST)
National Institute of Standards and Technology eller NIST er ein offentleg institusjon i USA for kontroll av målemetodar og måleinstrument. Institusjonen fungerer som rådgjevar, gjev sertifikat og gjev ut publikasjonar innan desse fagområda. Instituttet driv òg ein omfattande forskingsverksemd innan standardisering av måleiningar, materialvitskap og meir. Det var inntil 1988 kalla National Bureau of Standards.
Kjelder
endre- «National Institute of Standards and Technology». Store norske leksikon. 2009-02-14. Henta 15. november 2013.