NM i turn 1956 for kvinner

Noregsmeisterskap i turn

Noregsmeisterskapen i turn 1956 for kvinner vart avvikla i Stavanger helga 14.-15. april 1956, med Stavanger Turnforening som arrangør. Deltakarane tevla i åttekamp, dobbelt program i alle fire øvingane med både obligatoriske og sjølvvalde program i øvingane.

ÅttekampEndra

Plass Utøvar Lag Poeng
Gull Marit Johnsen Oslo Turn 72,95
Sølv Evelin Opaker Hermes 68,90
Bronse Ragna Sørensen Oslo Turn 68,90
4. Gerd Myhre Stavanger Turn 68,00
5. Unni Ottesen Oslo Turn ?
6. Lilli Ericsson Oslo Turn 65,15


Marit Johnsen vann alle fire enkeltøvingane.

KjelderEndra