NM i turn 1979 for kvinner
Noregsmeisterskap i turn
Noregsmeisterskapen i turn 1979 for kvinner vart arrangert i Halden i Østfold helga 10.–11. november 1979. Deltakarane tevla i åttekamp etter obligatoriske og sjølvvalde program i dei fire ordinære øvingane; bom, frittståande, hopp og skranke.
Hanne Kraft-Johanssen var best i alle dei sjølvvalde apparatøvingane, i hopp delte ho fyrsteplassen med Siv Brun.
Åttekamp
endrePlass | Utøvar | Lag | Poeng |
---|---|---|---|
Hanne Kraft-Johanssen | Ramstad Turnforening | 74,30 | |
Janne Bore | Sandnes Turnforening | 73,25 | |
Siri Stenshorne | Vestfossen IF | 73,10 | |
4. | Siv Brun | Ramstad Turnforening | 68,75 |
5. | Gabrielle Hansen | Larvik Turn | 68,30 |
6. | Berit Lien | Oslo Turnforening | 67,90 |