National Public Radio

(Omdirigert frå NPR)

National Public Radio (NPR) er eit amerikansk medieføretak som blir drive utan forteneste, basert på private og offentlege donasjonar. Organisasjonen er ei medlemskapsbedrift og fungerer som eit syndikat for offentlege radiostasjonar i USA. NPR vart oppretta i 1970 etter at lova om offentleg kringkasting (Public Broadcasting Act of 1967) vart vedtatt i 1967. Lova vart underteikna av president Lyndon B. Johnson, noko som oppretta Corporation for Public Broadcasting og også førte til skipinga av Public Broadcasting Service. Nettverket vart stifta i 1970 med 30 tilsette og 90 offentlege radiostasjonar som medlemmer.

National Public Radio

BransjeAllmennkringkasting
Skipa26. februar 1970
HovudkontorWashington
LandUSA
Grunnleggjar(ar)Bill Siemering
Nettstadhttps://www.npr.org (engelsk)
Hovudkvarteret til NPR i Washington D.C.

På same sett som dei offentlege radionettverka American Public Media og Public Radio International produserer og distribuerer NPR nyheits- og kulturprogram. Medlemsstasjonane er ikkje påkravde å senda alle desse programma og dei fleste offentlege radiostasjonar kringkastar program frå alle dei tre nettverka. NPR har to nyheitssendingar som flaggskips-program – Morning Edition og ettermiddagsvarianten All Things Considered – begge blir sende av nesten alle NPR-medlemmer og var i 2002 dei 2. og 3. mest populære radioprogramma i USA. I ei undersøking gjort av Harris i 2005 kom NPR ut som den mest truverdige nyheitskjelda i USA.[1]

Kjelder endre

  1. Eggerton, John (10. november 2005). «Survey Says: Noncom News Most Trusted» (på engelsk). Broadcasting & Cable. Arkivert frå originalen 27. august 2006. Henta 9. september 2007.