Moa er eit kvinnenamn som særleg har vorte nytta i Sverige. Det kan kome av eit kjælenamn for mor. Denne bruken av Moa kjenner ein særleg frå det svenske bondesamfunnet. I Sverige er bruken av namnet heller nytt. I 1975 var det berre 66 kvinner som hadde Moa som fornamn. Den aukande populariteten til namnet kan førast attende til forfattaren Moa Martinson. Ho døydde i 1964, men på 1970-talet vart ho henta fram av kvinnerørsla i Sverige.

Forfattaren Moa Martinson

31. desember 2008 var det 14 044 personar i Sverige med namnet Moa. I Noreg har namnet vorte meir vanleg. I oktober 2021 er det 156 kvinner som har Moa som første fornamn. Moa vert og brukt som etternamn.

Kallenamnet Moa vert ofte brukt om fotballspelaren Mohammed Abdellaoue.

Namneberarar endre


I Sverige har Moa namnedag 18. november

Kjelder endre