Nasjonalt nettverk for samfunnsfaga i lærar-, lektor- og barnehagelærarutdanningane
Nasjonalt nettverk for samfunnsfaga i lærar-, lektor- og barnehagelærarutdanningane er ein norsk organisasjon for samfunnsfaga i lærarutdanningar og skule skipa i 2016.[1] Organisasjonen har i overkant av 200 individuelle medlemer (2019). Paragraf 1 i vedtektene for organisasjonen formulerer føremåla slik:
- Nasjonalt nettverk for samfunnsfaga i lærar-, lektor- og barnehagelærarutdanningane (i kortform berre Nettverket for samfunnsfaga i lærarutdanningane) har til føremål å fremja, god forsking, undervisning og formidling innanfor dei ulike samfunnsfaga og i samfunnsfagdidaktikk i lærarutdanningane for barmehage, grunnskule og vidaregåande opplæring. Det er ei særoppgåve for nettverket a) å fremja utvikling av ein velfungerande, kritisk og konstruktiv fagoffentlegheit i og for desse fagområda og b) å bidra til å sikra eller utvida den plassen våre samfunns- og humaniorafag har innanfor barnehage, grunnskule, vidaregåande skule, og i høgare utdanning.
Historikk
endreEit kontaktmøte for samfunnsfagtilsette ved universitet og høgskular i heile landet arrangert av tilsette ved Institutt for lærarutdanning og skuleutvikling (ILS) ved Universitetet i Oslo seinhausten 2016 var opptakta til organisering. Dette møtet bad samfunnsfagmiljøet ved NTNU - Trondheim sine lærarutdanningar om å organisera ein nettverkskonferanse i 2017. Eit interimstyre førebudde eit årsmøte på nettverkskonferansen, og organisasjonen vart formelt skipa på nettverkskonferansen i Trondheim i november 2017. Der vart det mellom anna vald eit styre for organisasjonen. På årsmøtet i 2018, arrangert av fagmiljøa ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN) på lærestaden i Drammen, vedtok organisasjonen vedtekter. Nettverkskonferansen og årsmøtet 2019 skal vera 20. og 21. november 2019 på Høgskolen i Østfold (Halden).
Aktivitetar
endre- Arrangerer fagleg nettverkskonferanse med eigen årsmøtedel for organisatoriske saker kvart år i november/desember.
- Driftar eiga nettside, www.samfunnsfag.net. På denne nettsida finst kontaktdetaljar for styret, oversyn over relevante fagtidsskrift, arkiv over tidlegare nyhendebrev og mangt anna.
- Driftar eiga Facebookside med namnet Nasjonalt nettverk for samfunnsfagdidaktikk
- Sender ut nyhendebrev til alle medlemer 3-4 gonger i året per e-post. Tidlegare nyhendebrev finst tilgjengelege i eit "arkiv" på nettsida.
- Sender ut relevant informasjon på e-post med ujamne mellomrom
Leiarar
endre- 2017-2018: Roar Madsen, Institutt for Lærarutdanning - Noregs Teknisk-Naturvitskaplege Universitet (NTNU)
- 2018- : Kari-Mette Walmann Hidle, Institutt for sosiologi og sosialt arbeid - Universitetet i Agder (UiA)
Kjelder
endre- ↑ «Om oss», samfunnsfag.net, arkivert frå originalen 15. juli 2019, henta 15. juli 2019