Nastia Liukin
Anastasia Liukin (fødd 30. oktober 1989), kjend Nastia Liukin, er ein russisk-fødd USA-amerikansk tidlegare turnar, fødd i Moskva. Ho vart olympisk meister i mangekamp under Sommar-OL 2008. Nastia er dotter til turnaren Valerij Ljukin og rytmisk gymnastikk-utøvaren Anna Kortsjeva, han vann OL-gull og ho VM-gull som representantar for Sovjetunionen før dei utvandra til USA.
Nastia Liukin | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 30. oktober 1989 (35 år) Moskva |
Idrett | apparatturn for kvinner, turn |
Tok del i | Turn under Sommer-OL 2008 – Mangekamp kvinner, Turn under Sommer-OL 2008 – Bom kvinner, Turn under Sommer-OL 2008 – Frittstående kvinner, Turn under Sommer-OL 2008 – Skranke kvinner |
Karriere
endreLiukin vann gullmedaljen i både bom- og skranke-øvinga ved Turn-VM 2005 i Melbourne. To år seinare tok ho i Stuttgart eit nytt VM-gull på bom, samstundes fekk ho VM-gull med USA sitt mannskap i lagtevlinga. Under Sommar-OL 2008 i Beijing sigra ho i mangekampen. Elles i Beijing-leikane sikra ho seg sølv i bom, skranke og i lagtevlinga, medan det vart bronse i frittståande. Omframt dei fem OL-medaljane og dei fire VM-gulla, sanka Liukin fem sølvmedaljar i verdsmeisterskapane 2005, 2006 og 2007.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Nastia Liukin» frå Wikipedia på engelsk, den 14. desember 2022.