Natalie
kvinnenamn
Natalie og Nathalie kjem frå det latinske kvinnenamnet Natalia, som er avleidd frå (dies) natalis, 'fødselsdag'. Namnet er gjerne sett i samband med jul, som heiter natale domini på latin og er kjend under liknande namn på fleire romanske språk.
Bruk
endreNathalie er eit svært vanleg kvinnenamn i i Belgia og Frankrike. Namnet er nokså sjeldan i Noreg, men har hatt ein aukande bruk sidan 1980-talet.
Det var 1330 kvinner som heitte Natalie og 1225 som heitte Nathalie i Noreg i 2008.
Kjende namneberarar
endre- Nathalie Sarraute (1900–1999), fransk forfattar
- Natalie Wood (1938–1981), amerikansk skodespelar
- Natalie Cole (f. 1950), amerikansk jazzsongar og skodespelar
- Nathalie Holland (f. 1962), russisk-norsk kunstmålar
- Natalie Imbruglia (f. 1975), australsk songar og skodespelar
- Natalie Portman (f. 1981), israelsk-amerikansk skodespelar
- Nathalie Nordnes (f. 1984), norsk musikar og songar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Natalie» frå Wikipedia på bokmål, den 26. desember 2008.
- Søk etter norsk namnestatistikk for Natalie hjå Statistisk Sentralbyrå