Navar er eit namn på lange spiralbor, trebor, som òg vert kalla tømmermannsbor eller spikerbor.

Handsmidd navar.
Foto: Bjørn Strander
Navar, 1849

Skjeredelen av ein navar er forma som ein konveks spiral, som smalnar mot spissen[1]

Navarsmiing har lange tradisjonar i Hordaland fylke. Særleg i Meland kommune er det lange tradisjonar knytt til slik smiing. Sidan tidleg på 1800-talet har det vore stor produksjon av navarar i Meland, og tradisjonen vert til ein viss grad halden i hevd. Kommunevåpenet til Meland kommune er på raud grunn ein sølv navar-spiss som vender nedover.

Bakgrunnsstoff

endre

Fotnotar

endre
  1. Audun Dybdahl (2021). Med øks og sag. Museuma forlaget. s. 115-116. ISBN 97-82-83051-100-0. 

Litteratur

endre
  • Brekke, Nils Georg: Kulturhistorisk vegbok Hordaland, Bergen 1993.
  • Eikehaug, Tine (red): Navarsmeden: soga om ein gammal handverkskunst, Bergen 1997.