Nebiím
(Omdirigert frå Nebi’ím)
Nebiím (hebraisk נְבִיאִים nəḇī’īm), eller Profetane, utgjer den andre av tre hovuddelar av Tanákh, eller den hebraiske bibelen. Denne delen er igjen delt inn i to delar: Nebiim risjonim (dei tidlegare profetane – Josva, Dommarboka, Samuelsbøkene og Kongebøkene) og Nebiim aharonim (dei seinare profetane – Jesaja, Jeremia og Esekiel og dei tolv mindre profetane).