Necmettin Erbakan

tyrkisk ingeniør og politikar

Necmettin Erbakan (fødd 29. oktober 1926 i Sinop, død 27. februar 2011) var ein tyrkisk ingeniør, akademikar og politikar som i ein kort periode òg var statsministar i Tyrkia.

Necmettin Erbakan

Fødd29. oktober 1926
Sinop
Død27. februar 2011 (84 år)
Statsborgar avTyrkia
Yrkepolitikar, ingeniør, universitetslærar
InstitusjonarIstanbul Tekniske Universitet
Utdanna vedIstanbul Tekniske Universitet
RWTH Aachen
University of London
King Saud University
Istanbul High School
ITU School of Mechanical Engineering
EktefelleNermin Erbakan
BarnFatih Erbakan
Alle verv
  • medlem av Tyrkias store nasjonalforsamling
  • Tyrkias statsminister (1996–1997) Sjå dette på Wikidata

Erbakan danna sitt første politiske parti i 1970, dette blei forbode etter berre eit år.[1] Han danna etter dette eit nytt parti men i kjølvatnet av militærkuppet i 1980 vart Erbakan og partiet hans utestengd frå den tyrkiske politikken.[1] Han kom att etter en folkerøysting om å oppheve forbodet mot politisk verksemd, og i 1987 vart han leiar for det politiske partiet Refah Partisi. Han leia partiet til ein overraskende siger ved valet i 1995.

Erbakan vart Tyrkias første islamistiske statsminister og vart innsett i 1996.[1] I 1997 vart han pressa ut av dei militære og tvinga til å gå av som statsminister.[1] Seinare vart han utestengt frå all politisk verksemd av den konstitusjonelle domstolen.[2] I 2000 ble han dømd til eit års fengsel for å ha «framprovosert religiøst hat» gjennom ein tale han heldt i 1994.[2]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 World: Analysis Turkey Bans The Islamists bbc.co.uk 17.01.1998 (besøkt 11. juni 2013)
  2. 2,0 2,1 Ex-Turkish PM sentenced bbc.co.uk 10.03.2000 (besøkt 11. juni 2013)

Bakgrunnsstoff endre