Neendakara
Neendakara er ein landsby i Kollam distrikt, ni kilometer nord for Kollam i den indiske delstaten Kerala. Han er fiskerihamna til Kollamdistriktet. Neendakara ligg 30 km nord for Paravur. På malayalam tyder Neendakara 'lang banke'.[1]
Neendakara | |||
busetnad | |||
Land | India | ||
---|---|---|---|
Stat | Kerala | ||
Neendakara 8°56′19″N 76°32′25″E / 8.93861111°N 76.54027778°E | |||
Wikimedia Commons: Neendakara |
Historie
endreDå handelsmenn frå Portugal slo seg ned i Kollam (den gongen Quilon) tidleg på 1500-talet, segla dei båtane sine gjennom Neenadakara-sundet. På denne staden finn ein i dag Neendakara-brua (Neendakara Bridge), som er ein del av motorvegen National Highway 47. Brua bind saman landsbyen Neendakara med Sakthikulangara på den andre sida av Ashtamudi-sjøen (Ashtamudi Lake).[1]
Hovudkvarteret til det norsk-indiske fiskeriprosjektet i Kerala låg i Neendakara frå prosjektet vart etablert i 1953 fram til 1961, då staden vart overlevert til styresmaktene i Kerala.[2] Prosjektet flytta ti mil lenger nord, til Ernakulam.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Gulati, Leela (1984). Fisherwomen on the Kerala Coast: Demographic and Socio-economic Impact of a Fisheries Development Project. International Labour Organisation. s. 48. ISBN 978-92-2-103626-5. Henta 20. mai 2009.
- ↑ «History». National Institute of Fisheries Post Harvest Technology and Training. Arkivert frå originalen 16. mai 2009. Henta 20. mai 2009.
- Denne artikkelen bygger på «Neendakara» frå Wikipedia på bokmål, den 20. september 2018.