Nekkstadfjorden
Nekkstadfjorden er ein fjord på Averøya i Averøy kommune på Nordmøre. Fjorden strekkjer seg 1,7 km sørover til Kalvøya der han held fram som Bafjorden. Nord for Nekkstadfjorden ligg Sundsfjorden og totalt har dei tre ei samla lengd på 4,5 km.
Fjorden har innløp ved Sundsøya og Sauholmen i nord. Bruka Sandlykkja og Nekkstad, som fjorden er kalla opp etter, ligg på vestsida av fjorden.