Rundormar

(Omdirigert frå Nematoda)
Rundormar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Underrike: Eumetazoa
Infrarike: Protostomia
Rekkje: Rundormar Nematoda
Rudolphi, 1808

Rundormar, rundmakkar eller nematodar (Nematoda) er ei biologisk rekkje av virvellause dyr. Ein kjenner til over 15 000 artar, og truleg finst det mange fleire. Måla i biomasse er rundormane moglegvis den vanlegaste typen dyr på planeten. Dei er kjenneteikna av ein langstrekt, glatt kropp. Rundormar ser ut som bittesmå ormar eller makkar. Dei kan leva fritt i jord og vatn, og mange av dei snyltar på plantar og dyr.

Kroppen til rundormar er omgjeven av ei komplisert og hardfør ytterhud av keratin, det same materialet som hår og neglar er laga av. Denne gjer det mogleg å ha eit høgt indre trykk som gjer at tverrsnittet til kroppen ikkje blir deformert under rørsle, noko som er grunnen til at ringmusklane til kroppen er forsvunne, og berre fire knippe med langsgåande musklar er attende. Det høge indre trykket er samstundes grunnen til at dyra er har eit relativt avansert munnapparat der maten må pumpast ned i svelget. Rundormar har ei såkalla «falsk» sekundær kroppshole.

Potetcyste-nematoden (potetål/potetråte) kan skapa store problem for potetdyrking.

Kjelder endre