Nerheimsteinen er ein runestein frå Ølen i Vindafjord kommune i Rogaland.

Steinen vart første gong skildra av Wilhelm F.K. Christie i 1841, då låg han som klopp over ein bekk på garden Nerheim. Året etter kom grunneigaren med steinen til Bergen og selde han til Christie for «2 Speciedaler og en Pot Brændevin». Christie sørgde så for å få steinen til Bergens Museum. Steinen er rikt dekorert med dyreornamentikk, og innskrifta er:

ormorgun:(h)iltarsungærimek

På norrønt vert det: Ormr Gunnhildarson gerđi mek.

På moderne norsk vert det: «Orm Gunnhildson gjorde meg».

Innskrifta er datert til slutten av 1000-talet. Dekoren på steinen er truleg noko eldre enn innskrifta.

Kjelder endre

Litteratur endre