Niccolò Piccinni
fransk komponist
Niccolò Piccinni (16. januar 1728–7. mai 1800) var ein italiensk klassisk komponist.
Niccolò Piccinni | |||
| |||
Fødd | 16. januar 1728 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Bari | ||
Død | 7. mai 1800 (72 år) | ||
Dødsstad | Passy, Paris | ||
Sjanger | opera | ||
Verka som | komponist, musikkpedagog, universitetslærar | ||
Born | Luigi Piccinni |
Piccinni fekk opplæring av Leonardo Leo og Francesco Durante. Han produserte sin fyrste opera, Le Donne dispettose, i 1755, og sin fyrste opera seria, Zenobia, i 1756. Piccinni fekk den største suksessen sin med den komiske operaen La buona figliuola frå 1760. Han blir sagt å ha produsert over 300 operaer, noko ein kan sjå på som eit overdrive tal, men han var uansett produktiv. Blant dei andre operaene hans kan nemnast La pescatrice (1766), Roland (1778), Atys (1780), Iphigénie en Tauride (1781), Didon (1783) og La Griselda (1793).
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Niccolò Piccinni» frå Wikipedia på svensk, den 22. april 2024.
Bakgrunnsstoff
endre- Piccini, Nicola i Nordisk familjebok (2:a upplagan, 1915)
- Fritt tilgjengelege notar av Niccolò Piccinni ved International Music Score Library Project (IMSLP)