Niels Mathiesen (16. september 18292. desember 1900) var ein norsk handelsmann frå Porsgrunn som var stortingsmann 1862-69.

Niels Mathiesen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. september 1829
Død

2. desember 1900 (71 år)

Yrke politikar, forretningsdrivande
Språk norsk

Mathiesen var son til ein skipper. Sjølv var han kjøpmann i heimbyen frå ung alder. Frå 1855 til 1886 var han medlem av bystyret i Porsgrunn, størstedelen av tida sat han i formannskapet. Han var ordførar i til saman elleve år i tida 1861-84.

Mathiesen var valmann ved mange stortingsval. Han representerte heimbyen Porsgrunn på Stortinget 1862-63, Omframtstortinget 1864, og stortinga 1865-66 og 1868-69. Ved begge dei to siste tingsamlingane var han medlem av Vegkomiteen, medan han i 1862-63 var medlem av Protokollkomiteen.

Kjelder endre