Nikolaj Andrianov

Nikolaj Jefimovitsj Andrianov (14. oktober 195221. mars 2011) var ein russisk turnar frå Vladimir som representerte Sovjetunionen. Han vart europameister 1975, olympisk meister 1976 og verdsmeister 1978 i mangekamp.

Andrianov sanka i perioden 1971-79 heile 17 medaljar i europameisterskap, 15 medaljar i olympiske leikar og 13 medaljar i verdsmeisterskap. Av desse medaljane var ni av EM-medaljane i gull, sju av OL-medaljane i gull og fire av VM-medaljane i gull.

Andrianov vart sjuk av multippel system atrofi. Dei siste månadene av livet kunne han ikkje røre korkje armar eller bein, ei heller snakke. Han døydde i heimbyen.

Han var gift med turnaren Ljubov Burda.

KjelderEndra