Nils Spjeldnæs
Nils Spjeldnæs (3. januar 1926–29. mars 2006) var ein norsk geolog og paleontolog, forskar og universitetslærar.
Nils Spjeldnæs | |||
Fødd | 3. januar 1926 | ||
---|---|---|---|
Død | 29. mars 2006 | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | professor, paleontolog, botanikar |
Nils Spjeldnæs studerte geologi blant anna i Uppsala i Sverige. Han tok doktorgraden i 1957 og var konservator ved Paleontologisk museum på Tøyen i Oslo frå 1960 til 1961, sidan førsteamanuensis ved Institutt for Geologi ved Universitetet i Oslo fram til 1964. I 1965 vart Spjeldnæs professor i historisk geologi ved Universitetet i Århus i Danmark og frå 1973 fekk han eit professorat i paleoøkologi ved Institutt for Genetikk og Økologi same stad. Han kom attende til Universitetet i Oslo i 1984 og var professor i historisk geologi og stratigrafi til 1996 då han gjekk av med alderspensjon. Han heldt likevel fram arbeidet sitt på Institutt for Geologi som professor emeritus.
Spjeldnæs mottok Kongens gullmedalje for Universitetets prisoppgave i 1955, vart riddar av Dannebrogordenen og æresdoktor ved Universitetet i Athen i 1995.
Han var son av Sverre Spjeldnæs.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Nils Spjeldnæs» frå Wikipedia på bokmål, den 3. juni 2020.