Nipp

perioden der skilnadane mellom flo og fjøre er minst

Nipp er dei periodane i tidvassyklusen der skilnadane mellom flod og fjøre er minst. Dei oppstår kvar fjortande dag, kring tida med halvmåne.[1]

Nippflo eller nippflod er det minste floda varsla i tidvasstabellane. Nippflod oppstår to gonger i månaden, ved kvartel (halvmåne). Tidvatnet er styrt av tiltrekningskreftene på havet frå månen og sola, og ved halvmåne arbeider desse kreftene med ein vinkel på 90 gradar. Når sjøen er småflødd, vil vasstanden ved fjære vere større enn vanleg, det vil seie av fjæra er lita.

Nippfjære eller nippfjøre er den høgaste fjøra i syklusen.[1]

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Barthel, Knut (7. desember 2020). «nipp». Store norske leksikon (på norsk).