Nizami gate

Nizami gate (aserbajdsjansk Nizami küçəsi) er ei stor gågate og handlegate i sentrum av Baku i Aserbajdsjan, kalla opp etter den kjende klassiske diktaren Nizami Ganjavi. Historia til gata kan sporast attende til byplanleggingsprosjektet i Baku i 1864. Gata går gjennom sentrum av byen frå vest til aust. Den bilfrie delen av gata starta ved Fonteneplassen og endar ved Rasjid Behbudov gate, og vert ofte kalla Torgovaja («handelgata» på russisk).

Nizami gate frå nær undergangen ved Bul-Bul-gata.

Det ligg mange forretningar i Nizami gate, frå bankar til motebutikkar. Her ligg òg ambassadane til Tyskland, Noreg, Nederland og Austerrike, samt EU-delegasjonen i Aserbajdsjan.[1][2] Den næraste metrostasjonen Sahil (raud linje, sør for Nizami gate) og 28 Maj (både raud og grøn linje, nord for gata).

Historiske landemerkeEndra

Husnummer Bilete Detaljar
20
  Bygningen til Caspian—Black Sea Oil and Trade Society (bygt i 1898-1899).
48
  Nordfasaden av huset til Musa Naghijev (til høgre), bygt i 1911.
50
  Dei nyklassiske leilegheitene til Tagijev-brørne, bygt i 1912.
64
  Huset, bygt i 1911, der Lev Landau vart fødd og budde.
74
Det aserbajdsjanske nasjonalbiblioteket, opna i 1923. Nordsida mot Nizami gate.
75, 77
  Huset, bygd i 1896 av Haji Rajabli. Under sovjettida var her Vatan kino.
79
  Hus, bestilt av Murtuza Mukhtarov og bygt i 1896. I 1927—1931 budde Jamsjid Nakhitsjevanski her.
93
  Leileghetsblokka til Musa Naghijev, bygt i 1911.
95
  Det aserbajdsjanske statlege akademiske opera og balletteateret, bygt i 1911.
115
  Bygningen til Det russiske keisarlege tekniske samskipnaden, reist i 1899.

KjelderEndra

  1. «Embassies». European Commission. Henta 10. mai 2012. 
  2. «Embassy». Royal Norwegian Embassy in Baku. Henta 10. mai 2012.